top of page
image (1).jpg
Fasade_edited.jpg

SOV - ei unik natt

SOV Lodge - Boutique Hotel byr på fire suitar og ti unike dobbeltrom, fordelt på to historiske gjestehus i rusleavstand til kvarandre - midt i eit levande og sjarmerande bygdesentrum.

 

Kvart rom har sitt eige tema, fargepalett, interiør og sjel. Vårt mål er at når du har overnatta i eitt av romma på SOV, så ynskjer du å kome attende for å oppleve dei andre romma i tillegg.

Villreinsuita, ni av ti dobbeltrom, Resepsjon, peisestue, TV-stue og frukostservering finn du på hovedhuset SOV Lodge - Bokhandelsuitene finn du 50 små meter frå, i andre etasje på Bokhandel´n Bakeri & Mathus. 

Velkomen inn - til fritt val frå øvste fjellhylle

Sjå meir om romma

Romma på SOV har vi kalla opp etter flora og fjell, elver og vatn i den frodige bygda vår – i håp om at du let deg inspirere til sjølv å oppsøke små og store skattar i eventyret kalla Vågå.

Villrensuita

Villreinsuita

1. ETASJE

Suite/familierom. To soverom, himmelseng og badekar​.

Du treng ikkje vere storviltjegar for å oppleve villreinen. I suita på SOV bringer vi reinen til deg i interiør like himmelsk som senga.

319022776_681166133512178_6211490524914457694_n.jpg
SOVLodge_interiør_0968.jpg

LOSJIET

1. og 2. ETASJE

Seks dobbeltrom med bad og dusj.

I mange hundre år har Vågåmo vore knutepunkt, matfat og ynda losji for reisande i dal og høgfjell. I Losjiet på SOV Lodge fører vi tradisjonen vidare på høveleg vis – med seks unike dobbeltrom med bad. Kvart av romma er gitt fargepalett, innreiing og namn inspirert av landemerke og turmål i vakre Vågå. God tur – og god natt!   

Skagsnebb

Inspirert av bygdefjellet

Dobbeltrom på SOV Lodge i Vågå.
Dobbeltrom
Dobbeltrom med bad

Jettjønn

Inspirert av favorittvatnet

Bra hotell i innlandet

Røsslyng

Inspirert av fjellets mest trufaste turfølgje

Overnatting i Vågå

Nugga

Inspirert av badeeldoradoet

Hotell Vågå

Mogop

Inspirert av blomen

som lyftar høgfjellet

Molte

2. ETASJE

Tre dobbeltrom med vaskevannsfat. Bad med dusj på gangen.

Skråtak, original innreiing og luftige senger – på kvisten i tredje etasje i SOV Lodge finn du tre separate loftsrom med dobbeltseng.

Twin rom

Kvisten

3. ETASJE

Tre dobbeltrom med vaskevannsfat. Bad med dusj på gangen.

Skråtak, original innreiing og luftige senger – på kvisten i tredje etasje i SOV Lodge finn du tre separate loftsrom med dobbeltseng.

Kvisten

Jotunheimen

BOKHANDEL´N

Dobbeltseng, bad og minikjøken. Dobbeltrom Jotunheimen ligg i andre etasje på Bokhandel'n Mathus.

Dobbeltrom Jotunheimen inneheld bad med dusj, minikjøken, dobbeltseng og streaming-TV.

Kan bookast samen med eit eller fleir av Bokhandelensuitane for fleire rom, sengeplasser og fasiliteter som velværebad, heimekino og spisestue med langbord.