top of page
Skagsnebb
Dobbeltrom med bad
Som eit kvasst nebb ragar fjelltoppen Skagsnebb 1271 meter over havet. Den overraskande alpine toppen med det svimlande stupet som du ser overalt frå Vågåmo, er både landemerke og turmål for bygda. Skagsnebb byr sine gjestar med ei enorm panoramautsikt over Jotunheimen, Rondane, Vågåvatnet og kulturlandskapet som er bygda sitt fremste adelsmerke.
Vårt mål er at ditt opphald på rommet Skagsnebb skal bli like minneverdig som dørstokkturen til fjelltoppen. Gled deg til ein skikkeleg opptur både her og der!
Skagsnebb har moglegheit for separate senger på forespurnad.
bottom of page