Workation med boutiquesmak i vakre Vågåbygda.

Heile året på forespørsel.


I tett samarbeid med vår gode nabo, BETA coworkingspace, er vi glade over å kunne vera medarrangør på ulike typer workation. Vi meiner fjellbygda Vågå ligg perfekt til - midt i sør Norge for å legge inn nokre dagar med "bortekontor". Denne nye globale trenden har også kome til Vågå!

Å jobbe borte ei periode, kan vera ei velkomen avveksling til tradisjonelle og hektiske arbeidsdager. Under 4 timer frå Oslo og Trondheim finn du ein komplett Workation-destinasjon som pirrer arbeidslysten og inviterer til å tenkje stort! Kom til eit av Noregs finaste fjellområder der du kan bu på det unike boutique-hotellet SOV lodge og få påfyll av arbeidsglede og idear i et særprega og profesjonelt coworking space!

Vi kallar det kvalitetstid med jobben.


Ta ein nærare titt på opplegget her:

https://www.fjellflyt.no/workation#enkeltpersoner


Hundre små meter frå dørstokken på SOV Lodge finn du restauranten Andre Etasje. Her har draumar, godt vennskap og glede over fargar og interiør forvandla ein ærverdig gamal bolig til restaurant. Har både lunsj og middagsservering.

"På Andre Etasje er meny, interiør og vertskap komponert for at du skal få ei fyrsteklasses oppleving. Målet er å skape ei atmosfære der gjestane våre skal føle at dei kjem heim til oss. Tufta på gjenbruk, krydra med ein moderne stil og sydd saman med ei felles interesse for form, fargar og gjenbruk.

I restauranten vår skal maten vera ekte og heimelaga. Den har identitet og er tufta på gode råvarer, helst lokale – men gjerne nytt i rettar frå andre verdshjørnar. Viktigast av alt er at måltidet skal smake godt og opplevinga få deg til å ville koma attende."

Velkomen til bords!

www.andreetasje.no



I fjellbygda er vegen stutt til fjells og aktivitetane står nærast i kø for å ta deg med på eventyr. Her har vi plukka ut berre eit lite utval:



Velkomen til vakre VÅGÅ!


Ta kontakt ved interesse:

velkommen@sovlodge.no

kaja@fjellflyt.no

+47 41 93 11 11

+47 91 64 48 30







Send ein forespørsel!

Har du funne ei pakke som fristar? 

 

Ta kontakt for å booke plass eller få sett saman di perfekte pakke. 

Gler oss til å

ta i mot deg i
vakre Vågå!

Tlf: 41 55 00 50

velkommen@sovlodge.no

arrow&v

Takk for henvendelsen!