Toppturhelg med smak av boutiqueluksus, 30. april - 2. mai


Opplev ei ekte bygdehelg med frisk fjelluft, høgfjell i særklasse, god heimelaga mat på restaurant Andre Etasje og sov i mjuke senger på eit av dei unike romma på vårt eige boutiquehotell Sov Lodge. Alt dette i den eventyrlege bygda Vågå og høgt til fjells i sjølvaste Jotunheimen.


Bestill nå



Ankomst fredag:


Fredagskvelden får du oppleva den unike atmosfæra på restaurant Andre Etasje. Her har draumar, godt vennskap og målarglede forvandla ein gamal bolig til restaurant. Tufta på gjenbruk, krydra med ein moderne stil og sydd saman med interesse for interiør og gjenbruk. Med ei stemning "Der tida står stille", blir du servert ein 4-rettars langmeny med sesongens beste råvarer. Gled deg!


www.andreetasje.no


Laurdag:


Etter frokost og niste smøring, pakker vi bilane og stikk til fjells. Dette blir ein topptur fortrinnsvis på randoneéski. Turen går dit føret er best og forhalda trygge! Vi lovar lokalkjent guide, flott utsikt om været tillet og ein tur som passar moderat trena folk. Målet er sjølvsagt ein eller fleire av Toppane over 2000 meter som finst rundt oss! Tempoet blir tilpassa gruppa, med formidling av lokalkunnskap i høgsetet. Utstyr kan du enkelt leie hjå oss!


Dette passar alle som er turglade og likar høgfjellet! Kom og nyt Jotunheimen saman med vener, kjærasten eller gode kollegaer!





Litt avslapping på Lodgen før du til kvelds kan rusle ned i tømmerstua der middagen ventar på langbordet framfor peisen. God tid til lange gode samtaler, latter og kanskje litt ettertanke. Slitne lår og heite kinn kan nyte god heimelaga mat tufta på lokale råvarer.


Takk for i dag, sov godt og vel heim i morgon!


Kun 20 plassar!


Pris: 4 900 kr




Bestill nå



Eller kontakt oss på

velkommen@sovlodge.no +47 41 93 11 11



VELKOMEN

Send ein forespørsel!

Har du funne ei pakke som fristar? 

 

Ta kontakt for å booke plass eller få sett saman di perfekte pakke. 

Gler oss til å

ta i mot deg i
vakre Vågå!

Tlf: 41 55 00 50

velkommen@sovlodge.no

arrow&v

Takk for henvendelsen!