Opplev ski-eldoradoet Lemonsjøen med eigen guide, afterski & gourmetmat.


Heile februar, mars og april på forespørsel


Opplev ei ekte bygdehelg med frisk fjelluft på nedoverski, bortoverski eller oppoverski. Lokale guider gjev gode tips og viser deg dei beste perlene. I tillegg byr vi på god heimelaga mat på restaurant Andre Etasje og sjølvsagt mjuke senger på vårt eige boutiquehotell Sov Lodge. Alt dette i den eventyrlege bygda Vågå mot grensa til sjølvaste Jotunheimen.


Ankomst fredag:


Fredagskvelden får du oppleva den unike atmosfæra på restaurant Andre Etasje. Her har draumar, godt vennskap og målarglede forvandla ein gamal bolig til restaurant. Tufta på gjenbruk, krydra med ein moderne stil og sydd saman med interesse for interiør og gjenbruk. Med ei stemning "Der tida står stille", blir du servert ein 4-rettars langmeny med sesongens beste råvarer. Gled deg!


www.andreetasje.no


Laurdag:


Etter frokost pakker vi sekken og skiutstyret og stikk til fjells - til skidestinasjonen Lemonsjøen. Her ventar skiutfordringar på alle nivå - høgt, bratt, flatt eller leikent. Vi viser veg om du vil! Gode lunsjpakker, kaffe og kakao følgjer sjølvsagt med.


www.lemonsjo-alpinsenter.no




Vel nede på Lodgen fyrer vi peisen og opnar baren! God musikk på Sonos-anlegget og tid for deling av opplevingar frå dagen. Eller kanskje kan det friste med eit besøk i den vedfyrte BADSTUA på Vågåvatnet?




Litt avslapping og ein dusj før du til kvelds kan rusle ned i tømmerstua der middagen ventar på langbordet framfor peisen. God tid til lange gode samtaler, latter og kanskje nokre flotte bilder. Slitne lår og heite kinn kan nyte god heimelaga mat tufta på lokale råvarer.


Takk for i dag, sov godt og vel heim i morgon!


Dette passar alle mellom 5 - 70 år. Perfekt familietur, saman med vener eller gode kollegaer!


Kun 20 plassar!


Priser fra: 3 050 kr pp

(Dette er i dobbeltrom uten eget bad)

Eigne barne-/ungdomsprisar, ta kontakt!

NB! Skikort følgjer ikkje med i prisen.



Eller kontakt oss på

velkommen@sovlodge.no +47 41 93 11 11



VELKOMEN





Send ein forespørsel!

Har du funne ei pakke som fristar? 

 

Ta kontakt for å booke plass eller få sett saman di perfekte pakke. 

Gler oss til å

ta i mot deg i
vakre Vågå!

Tlf: 41 55 00 50

velkommen@sovlodge.no

arrow&v

Takk for henvendelsen!