Musikkfestpakke | Barokksolistene | Alehouse Sessions | 8.-10. okt 2021

Lysten på eit hausteventyr? Gudbrandsdal Musikkfest byr på topp musikarar innan klassisk og folkemusikk i samspel på unike konsertarenaer.



SOV Lodge vil vi gjerne bidra til eventyret, og tilbyr komplette musikkfestpakkar med konsertar, musikkfestmiddag på restaurant Andre Etasje, overnatting med herleg frukost, og gjerne aktivitetar i bygdeidyllen Vågå eller den fargesprakande fjellheimen kring oss. Nærare eventyret er det knapt mogleg å kome. Må opplevast - og i oktober har du høvet!


Bestilling komplett musikkfestpakke her!



Ankomst SOV Lodge fredag:


Ankomst fredag ettermiddag med innlosjering på boutiquehotellet Sov Lodge i sentrum. Her bur du eit steinkast frå alt i ein 200 år gamal tømmervilla.


Musikkfestmiddag Andre Etasje:


Fredagskvelden får du oppleve den unike atmosfæra på restaurant Andre Etasje. Her har draumar, godt vennskap og målarglede forvandla ein gamal bolig til restaurant. Med stemninga "Der tida står stille", blir du servert ein 4-rettars musikkfestmiddag før konserten.


Musikkfest Alehouse Sessions:

Konserten med verdsartistane Barokksolistene og Vågå spelemannslag finn stad ein triveleg rusletur frå SOV Lodge. Barokksolistene er eit verdskjent ensemble, som haustar toppkarakter frå store avisar uansett kor dei befinn seg. Les alt om konserten her!

Vågåmo & Jotunheimen:


I fjellheimen kring vakre Vågå er det fargefest, og i bygda er det mykje å oppdage. Naboen vår Ulu of Norway er landets einaste handverksgarveri med nydelege skinnprodukt, medan Galleri Ullinsvin byr på framifrå kunst. Stavkyrkja vår er ei reise langt attende i tid, eller du kan ta ein varm kakao på ein av dei trivelege kafeane.


Forslag ekstra konsert på laurdag: Kapellkonsert på historiske Sandbu gard

Forslag ekstra aktiviteter: Bike & Hike Jotunheimen | Brimi Sæter | Gjendebåten



















Pris: Frå 5700 kr

Prisen inkluderar:

> Dobbeltrom for 2 personar med frukost

> Konsertbillettar til Alehouse Sessions for 2 personar

> Musikkfestmiddag ein kveld for to personar på restaurant Andre Etasje



Booking:


Bestilling komplett musikkfestpakke her!



VELKOMEN



Send ein forespørsel!

Har du funne ei pakke som fristar? 

 

Ta kontakt for å booke plass eller få sett saman di perfekte pakke. 

Gler oss til å

ta i mot deg i
vakre Vågå!

Tlf: 41 55 00 50

velkommen@sovlodge.no

arrow&v

Takk for henvendelsen!