Mathelg med besøk hos reinflokken, trugetur og bålkos. 26. -28. februar 2021

Opplev ei ekte bygdehelg med frisk fjelluft på truger, møte med tamreinflokken i høgfjellet, et god heimelaga mat og sov i mjuke senger på eit av dei unike romma på vårt eige boutiquehotell Sov Lodge. Alt dette i den eventyrlege bygda Vågå mot grensa til sjølvaste Jotunheimen.


Ankomst fredag:


Fredagskvelden får du oppleva den unike atmosfæra på restaurant Andre Etasje. Her har draumar, godt vennskap og målarglede forvandla ein gamal bolig til restaurant. Tufta på gjenbruk, krydra med ein moderne stil og sydd saman med interesse for interiør og gjenbruk. Med ei stemning "Der tida står stille", blir du servert ein 4-rettars langmeny med sesongens beste råvarer. Gled deg!


www.andreetasje.no


Laurdag:


Etter frokost blir du plukka opp utenfor Lodgen og skyssa til fjells, nærare bestemt Lemonsjøen. Her møter vi reinsgjetarane som tek oss med på truger innover fjellet mot tamreinflokken. Du får lære om gjetarlivet, reinen som individ og oppleve nærkontakt med fjellets høvding - reinen! Eksotisk, familievenleg og unikt! Gode vinterklede og sko er viktig! Passar alle aldre.


Bålkos og tullprat



Etter møte med reinflokken, fyrar vi bålet, kokar kaffe og varm saft. Smakar på turka reinskjøt og et god niste. Sjølvsagt set vi av tid til fotografering!


Eit minne for livet!


#vågå


Litt avslapping på Lodgen før du til kvelds kan rusle ned i tømmerstua der middagen ventar på langbordet framfor peisen. God tid til lange gode samtaler, latter og kanskje litt ettertanke. Slitne kroppar og heite kinn kan nyte god heimelaga mat tufta på lokale råvarer.


Takk for i dag, sov godt og vel heim i morgon!


Vi har eit tett samarbeid med Jutulskinn, vår kjære nabo. Dei har både garveri, systue og eit lite utsalg av reinskinn og skinnprodukt. Omvisning og moglegheit for ein god handel her i løpet av helga!


www.jutulskinn.no


Kun 20 plassar!


Pris: 4 800 kr pp

Eigne barne-/ungdomsprisar!


Booking


For å bestille en av våre pakker, trykk på Bestill Pakke øverst til høyre,

og fyll ut skjemaet.


Eller kontakt oss på

velkommen@sovlodge.no +47 41 93 11 11



VELKOMEN

Gler oss til å ta i mot deg i viltre og vakre Vågå!

Ta gjerne kontakt for tips til ferieaktiviteter og komplette pakker med kost og losji. 

Brennvegen 4,

2680 Vågå

 

Tlf: 41 55 00 50

velkommen@sovlodge.no

Finn vegen til Vågåmo:
  • Facebook
  • Instagram

© 2020 SOV Lodge.

Nettsida er 100 % lågå i Vågå. IVK DesignGull & Gråstein l Fjellspire - Nora Kastellet.

#sovlodge #vågå #gudbrandsdalen #innlandet #norge #jotunheimen #lågåivågå