Familiehelg med hundekjøring, god mat og "boutique-luksus". 26. - 28. mars 2021



Bestill Pakke


Lyst til å starte påska 2021 på ein heilt eventyrlig måte i fjellet?

Opplev ei ekte bygdehelg med frisk fjelluft, hundekjøring i høgfjellet, kvalpekos og meistringsglede. Et god heimelaga mat og sov i mjuke senger på eit av dei unike romma på vårt eige boutiquehotell Sov Lodge. Alt dette i den eventyrlege bygda Vågå mot grensa til sjølvaste Jotunheimen.

Ankomst fredag:


Fredagskvelden får du oppleva den unike atmosfæra på restaurant Andre Etasje. Her har draumar, godt vennskap og målarglede forvandla ein gamal bolig til restaurant. Tufta på gjenbruk, krydra med ein moderne stil og sydd saman med interesse for interiør og gjenbruk. Med ei stemning "Der tida står stille", blir du servert ein 4-rettars langmeny med sesongens beste råvarer.

Kremet jordskokksuppe med spekeskinke

Carpaccio av hjort

Skrei og rogn med smørsaus

Nemesiskake med heimelaga vaniljeeis



www.andreetasje.no

Laurdag:


Etter frokost dreg vi til fjells, nærare bestemt Randsverk og Jotunheimen husky Lodge. Her møter vi vertskapet og dei tillitsfulle hundane. Vi får tildelt hundar, tek på seler og festar dei inn i spannet. Turen går med trygg guide i front, men sleden får du styre heilt sjølv! Eksotisk, familievenleg og unikt! Gode vinterklede og sko er viktig! Passar alle aldre.



Vi kosar med hundene og kvalpane i hundegården etter turen medan verten fyrar opp på bålplassen. Her blir det gode lunsjpakker, varm drikke og kake!

...og sjølvsagt fotografering saman med nye kompisar du aldri vil gløyme.


www.jotunheimenhuskylodge.no













Litt avslapping på Lodgen før du til kvelds kan rusle ned i tømmerstua der middagen ventar på langbordet framfor peisen. God tid til lange gode samtaler, latter og kanskje litt ettertanke. Full av nye minner og med heite kinn kan nyte god heimelaga mat tufta på lokale råvarer.


Takk for i dag, sov godt og vel heim i morgon!


Kun 20 plassar!


Pris: 4 800 kr pp

Eigne barne-/ ungdomsprisar!



Bestill Pakke



Eller kontakt oss på

velkommen@sovlodge.no +47 41 93 11 11


Bestillingsregler



VELKOMEN

Send ein forespørsel!

Har du funne ei pakke som fristar? 

 

Ta kontakt for å booke plass eller få sett saman di perfekte pakke. 

Gler oss til å

ta i mot deg i
vakre Vågå!

Tlf: 41 55 00 50

velkommen@sovlodge.no

arrow&v

Gler oss til å ta i mot deg i viltre og vakre Vågå!

Ta gjerne kontakt for tips til ferieaktiviteter og komplette pakker med kost og losji. 

  • Facebook
  • Instagram

SOV AS

Orgnr 922 655 050

Brennvegen 4,

2680 Vågå

 

Tlf: 41 55 00 50

velkommen@sovlodge.no

Finn vegen til Vågåmo:

© 2020 SOV Lodge.

Nettsida er 100 % lågå i Vågå. IVK DesignGull & Gråstein l Fjellspire - Nora Kastellet.

#sovlodge #vågå #gudbrandsdalen #innlandet #norge #jotunheimen #lågåivågå