Eventyrleg øl- og akevitthelg i Vågå, 23. -25. april 2021

No kan du oppleva Vågåbygda saman gode vener, smake på det lokale ølet og akevitten samt få servert smakfulle menyer sett saman av sesongens beste råvarer. Kulturlandskapet i vakre Nordherad ventar på deg!


Ankomst fredag:


Fredagskvelden får du oppleva den unike atmosfæra på restaurant Andre Etasje. Her har draumar, godt vennskap og målarglede forvandla ein gamal bolig til restaurant. Tufta på gjenbruk, krydra med ein moderne stil og sydd saman med interesse for interiør og gjenbruk. Med ei stemning "Der tida står stille", blir du servert ein 4-rettars langmeny med sesongens beste råvarer.

Oksehaleconsommé med soppravioli

Fisketartar

Kalvebrissel med estragonmajones

Ølbraisert svinekjake med potetfondant

Tilslørte bondepiker med plomme

Gled deg!

www.andreetasje.no


Laurdag:


Etter frokost ruslar vi ein kulturhistorisk tur i solsida Nordherad med eigen guide. Varm bållunsj med utsikt over det grøne Vågåvatnet frå Vågås flottaste fjellhylle! Etter lunsj står minibussen og ventar for å skysse deg til Lom Bryggeri. Der bryggjar dei lagerøl, som i størst mogleg grad skal ha lokal tilknytning anten det gjeld bruk av råvarer, historie eller geografi. Lom bryggeri har produksjonslokale i det som tidlegare var låven på driftsbygninga i Grjotheim i Lom. Her får vi smake på ølet, bli med på omvisning i produksjonslokala og sjølvsagt lære meir om øl!


www.lombryggeri.no


Vi avsluttar dagsprogrammet på Sve gardsbrenneri i Vågå. Brenneriet er ein gamal låve som er innreia til eit moderne brenneri. Her skal vi smake på og lære om den lokale akevitten laga på lokal mandelpotet og urter.


www.sve.no



Litt avslapping på Lodgen før du til kvelds kan rusle ned i tømmerstua der middagen ventar på langbordet framfor peisen. God tid til lange gode samtaler, latter og kanskje litt ettertanke. Her kan nyte god heimelaga mat tufta på lokale råvarer, kanskje med ei lokal Lombøl eller ein Sve-akevitt til...


Perfekt for vennegjengen, gourmetklubben eller gode kollegaer.


Takk for i dag, sov godt og vel heim i morgon!


Kun 20 plassar!


Pris: 4 800 kr pp


Booking


For å bestille en av våre pakker, trykk på Bestill Pakke øverst til høyre,

og fyll ut skjemaet.


Eller kontakt oss på

velkommen@sovlodge.no +47 41 93 11 11



VELKOMEN

Send ein forespørsel!

Har du funne ei pakke som fristar? 

 

Ta kontakt for å booke plass eller få sett saman di perfekte pakke. 

Gler oss til å

ta i mot deg i
vakre Vågå!

Tlf: 41 55 00 50

velkommen@sovlodge.no

arrow&v

Gler oss til å ta i mot deg i viltre og vakre Vågå!

Ta gjerne kontakt for tips til ferieaktiviteter og komplette pakker med kost og losji. 

  • Facebook
  • Instagram

SOV AS

Orgnr 922 655 050

Brennvegen 4,

2680 Vågå

 

Tlf: 41 55 00 50

velkommen@sovlodge.no

Finn vegen til Vågåmo:

© 2020 SOV Lodge.

Nettsida er 100 % lågå i Vågå. IVK DesignGull & Gråstein l Fjellspire - Nora Kastellet.

#sovlodge #vågå #gudbrandsdalen #innlandet #norge #jotunheimen #lågåivågå