SOV Lodge
SOV Lodge er eit boutique hotell med suiter og dobbeltrom fordelt på to historiske tømmerbygg i rusleavstand til kvarandre. Eit hotell - to hus.
Mellom dei århundregamle tømmerveggane på SOV Lodge finn du stemningsfulle fellesareal med klebersteinspeis og høgstandardkjøken, 14 sjarmerande suiter og dobbeltrom med tematisert interiør og fasiliteter.
Frukost blir servert i den stemningsfulle, historiske peisestua i hovudhuset SOV Lodge. Her finn du og resespsjon og TV-stue. Middag får du servert hos våre framifrå naboar Andre Etasje Restaurant og Bokhandel'n Mathus.
Ideen om eit boutique hotell vart skapt i kjærleik til Vågå og alt bygda og fjellheimen kring har å by på: Kultur og natur, kvalitetar og opplevingar, måltid og samvær, menneskje og mektige fjell.
Velkomen til din eigen fjellheim!


Hovedhuset til SOV Lodge byr på 9 unike hotellrom og ei suite, historisk peisestue, to moderne kjøken og romsleg stue med terrasse - midt i eit levande og sjarmerande bygdesentrum krinsa av tre nasjonalparkar.
I lodgen finn du både innbydande fellesareal og unike hotellrom innreia for avkobling, inspirasjon og opplading.
Etter ein herleg frukost tipsar vi deg gjerne om bygdas perler og mange fjelleventyr.
Lunsj og middag får du servert hos våre framifrå naboar Bokhandel'n Mathus og restaurant Andre Etasje.
.png)
SUITER
I andre etasje på Bokhandel'n Mathus 50 små meter frå resepsjonen på SOV Lodge finn du bokhandelsuitene.
Dette er tre førsteklasses suiter og eit dobbeltrom. Dei kan bookast enkeltvis, eller kombinerast til større suiter med fleire rom for å få større plass, fleire sengeplasser og fasiliteter som velværebad, heimekino og spisestue med langbord.
Direkte inngang til Bokhandel'n Mathus med kaffebar og vinliste, pizzaservering og bokbar via indre trappeoppgang.
Resepsjon, peisestue, TV-stue og frukostservering finn du på SOV Lodge.
.jpg)
Vertskapet
På SOV Lodge blir du møtt av vertskap som er særs opptekne av personleg engasjement og omsorg for gjestane og bygda.
Godt nytt for deg, som både vil bli ynskja velkomen på SOV Lodge og tipsa om flotte opplevingar i bygd og fjell av eit entusiastisk og lommekjent lokaltvertskap – med sjarmerande og vakker dialekt.
Her er nokre av fjellbygdeambassadørane som tek i mot deg på SOV Lodge.



Fjellbygda Vågå
Sjølv om SOV Lodge er unik på så mange vis, står det vesle hotellet slett ikkje åleine – vi er del av ei blomstrande og høgst levande fjell- og reiselivsbygd.
Vi gler oss til å ta i mot deg på SOV Lodge, men aller mest gler vi oss til å vise deg vakre Vågå – ei vakrare og meir spanande bygd skal du leite lengje etter. I det historiske og lys levande bygdesenteret vi ligg midt i hjarta av, finn du perlar på ei snor. Anten du er glad i natur, byggeskikk, kulturlandskap, kunsthandverk, nisjebutikkar, lokalmat eller rett og slett festlege folk og ei dialekt å falle pladask for.
Med SOV Lodge vil vi lyfte Vågå fram for verda
– og vise verda vegen til Vågå.
Uansett kva du kjem hit med i ryggsekken er vi visse på ein ting: Du dreg rikare vidare.

Skreddersydd opphald?
Ta kontakt for tips til ferieaktiviteter og komplette pakker med kost og losji.
Gler oss til å
ta i mot deg i
vakre Vågå!
Tlf: +47 99 49 25 35

Vegen hit
SOV Lodge er lett å finne og vanskelig å forlate. Midtvegs mellom stasjonsbyen Otta og Bakeriet i Lom tek du av til Vågåmo ved skilt frå riksvegen. Ved det raude «pepperkakehuset» Veistadhjørna Kafe rundar du hjørna og finn SOV Lodge med den svære, gule blomsterkassa utanfor hovudinngangen.
Velkomen i vakre Vågå.
Brennvegen 4, 2680 Vågå
Buss og tog til SOV Lodge
Tog frå Oslo, Trondheim og Åndalsnes går til Otta stasjon fleire gonger dagleg. Herifrå buss eller drosje ein halvtime til Vågåmo og SOV Lodge.
Ekspressbussar og lokalbussar går til Vågå skysstasjon og Smedsmo fleire gongar dagleg.