Nugga

Dobbeltrom med bad

Elva Nugga er akkurat like festleg som namnet sitt. Vilter kastar ho seg utfor fjellsida Vole, like halsbrekkande begeistra som hanggliderane som spring ut same stad. På si ferd mot dalen gir Nugga vatn og næring til beite, husdyr og ein frodig flora – før ho kronar signingsferda ned i bygda med spanande jettegryter, herlege svaberg og festlege fossefall. Så herleg er Nugga, at ho har si eiga badeforening med høg aktivitet året rundt, og ein gapahuk som godt mogleg er Gudbrandsdalen sin aller finaste og mest populære. 

Sjekkar du inn på rommet Nugga, er målet vårt at du skal bli like begeistra som vi er for elva med same namn. 

Fra

1250 kr 

Per natt