Mogop

Dobbeltrom med bad

Liten, lyselskande og trivst aller best i høgda: Den smellvakre fjellblomen mogop har mykje til felles med SOV Lodge. Heilt opp mot 2000 meter over havet finn du Noreg sitt svar på Edelweiss. Besøker du SOV Lodge på våren, er sjansane store for at du får med deg eit av årets vakraste eventyr: Blomstringa til den fagre mogopen med sine kvite, rosa og lilla kronblad. Nede i bygdene har mogopen i århundrar vore eit kalenderteikn: "Når mogopen begynte å nikke, kunne kua livberge seg ute".

Gled deg til å vakne opp på Mogop!

Fra

1250 kr 

Per natt