
Bokhandelsuitene
SOV Lodge byr på ni unike dobbeltrom og ei suite for inntil fire personar. Alle rom er restaurert og nyinnreidd frå golv til tak.
I tillegg samarbeidar vi med vår gode nabo Bokhandel'n Bakeri & Mathus om utleige av fire premium suiter og dobbeltrom. Ta gjerne ein titt på dei her:
På SOV Lodge Boutique Hotel har kvart rom sitt eige tema, fargepalett, interiør og sjel. Eit resultat av lange rundar i tenkeboksen og roteloftet. Vårt mål er at når du har overnatta i eitt av romma på SOV, så ynskjer du å kome attende for å oppleve dei ni andre.
Romma på SOV har vi kalla opp etter flora og fjell, elver og vatn i den frodige bygda vår – i von om at du let deg inspirere til sjølv å oppsøke små og store skattar i eventyret kalla Vågå.
Bla ned
SUITA
1. ETASJE
Suite/familierom. To soverom, himmelseng og badekar.
Du treng ikkje vere storviltjegar for å oppleve villreinen. I suita på SOV bringer vi reinen til deg i interiør like himmelsk som senga.
LOSJIET
1. og 2. ETASJE
Seks dobbeltrom med bad og dusj.
I mange hundre år har Vågåmo vore knutepunkt, matfat og ynda losji for reisande i dal og høgfjell. I Losjiet på SOV Lodge fører vi tradisjonen vidare på høveleg vis – med seks unike dobbeltrom med bad. Kvart av romma er gitt fargepalett, innreiing og namn inspirert av landemerke og turmål i vakre Vågå. God tur – og god natt!
Skagsnebb
Inspirert av bygdefjellet
Molte
3. ETASJE
Tre dobbeltrom med vaskevannsfat. Bad med dusj på gangen.
Skråtak, original innreiing og luftige senger – på kvisten i tredje etasje i SOV Lodge finn du tre separate loftsrom med dobbeltseng.