99297663_129439795406932_657390164361451

Arrangement

og møter

SOV Lodge har utmerka fasilitetar og fiber for møter, gruppesamlingar og bedriftsseminar.

 

Romslege fellesareal og møterom med sjel, plenumsrom med klebersteinspeis og topp utstyrt kjøken med langbord for godt samvær over frukost eller lunsj. Samt romsleg stue og to terrasser med flott utsyn over bygd og fjell. Rett rundt hjørna byr vidgjetne restaurant Andre Etasje på lunsj, middag og catering.

 

Både frå dørstokken og i fjellheimen rundt oss ligg ei rekkje turmål i den absolutte norgestoppen, samt aktivitetsselskap som tilbyr rafting, stisykling, hundekøyring, breføring, toppturar og mykje meir.

I samarbeid med firmaturoperatør Brimi Eventyr tilbyr SOV Lodge komplette pakker med overnatting, servering, lokal, fagleg innhald, aktiviteter og felles transport – gjerne toppa med festmiddag hos Arne Brimi på gourmetrestauranten Vianvang.

Gler oss til å ta i mot deg i viltre og vakre Vågå!

Ta gjerne kontakt for tips til ferieaktiviteter og komplette pakker med kost og losji. 

Brennvegen 4,

2680 Vågå

 

Tlf: 41 55 00 50

velkommen@sovlodge.no

Finn vegen til Vågåmo:
  • Facebook
  • Instagram

© 2020 SOV Lodge.

Nettsida er 100 % lågå i Vågå. IVK DesignGull & Gråstein l Fjellspire - Nora Kastellet.

#sovlodge #vågå #gudbrandsdalen #innlandet #norge #jotunheimen #lågåivågå